Hugs å rekvirere pasienttransport i tide

Alle planlagde reiser til behandling skal bestillast seinast innan klokka 13 siste kvardag før reisa skal gjennomførast.

 

Alle planlagde reiser til behandling skal bestillast seinast innan klokka 13 siste kvardag før reisa skal gjennomførast. 

Pasientreisekontoret i Møre og Romsdal har den siste tida registrert at stadig fleire rekvirerer pasienttransport for seint. Viss transporten blir bestilt seinare enn klokka eitt siste kvardag før reisa, er det ikkje sikkert pasienten får transport i tide. Den seinare tida har fleire behandlarar rekvirert transport same dagen som pasienten skal reise, noko som er utfordrande både for  pasientane  og pasientreisekontoret.

- Sein bestilling påverkar heile transportkjeda vår. Vi må omprioritere oppdrag og det påverkar kapasiteten vår. Derfor vil vi oppmode alle til å bestille i god tid, og seinast dagen før reisa, seier Jacob Devold, seksjonsleiar i Pasientreiser Møre og Romsdal.

Pasientreisekontoret i Møre og Romsdal planlegg og koordinerer meir enn 200.000 rekvisisjonar i året.

- Vi har stor moglegheit til å utnytte returbilar og bilar som står på vent om vi har oversikt over transportbehova i god tid. Ein effektiv utnytting av ressursane sikrar meir pengar til god pasientbehandling, seier Devold.

Les meir om rekvirering av pasientreisar