Brukarutvalet

God brukarmedverknad er sikra gjennom etablerte brukarutval både på regionalt nivå og i helseføretaka.


Brukarutvalet for pasientreiseområdet består av representantar frå sentrale brukarorganisasjonar som Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon, Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjonar, Landsforeningen for hjerte- og lungesyke, Landsforeningen for nyrepasienter og transplanterte, Kreftforeningen og Pensjonistforbundet. Dessutan har utvalet representantar frå alle dei fire regionale brukarutvala. 

Utvalet har minimum fire fysiske møte i året, og det vert gjennomført elektroniske møte ved behov. 

Brukarutvalet bidreg med rådgjeving og forankring av nye løysingar og utvikling av området. Brukarorganisasjonen sine representantar har fyrstehandskunnskap om korleis pasientreiseordninga fungerer i praksis og er difor ein viktig samarbeidspartner for å lukkast med utviklinga av tenestene. Utvalet tek ikkje formelle avgjerder.

Brukarutvalet vert leia av fagdirektør Hilde Holt hos Pasientreiser HF. 


Medlemmar av Brukarutvalet frå og med juni 2021

  • Gunnhild Berglen, Helse Nord RHF Brukerutvalg
  • Karl-Olaf Sundfør, Helse Vest RHF Brukerutvalg
  • Øystein Kydland, Helse Sør-Øst RHF Brukerutvalg
  • Mona Sundnes, Helse Midt-Norge RHF Brukerutvalg
  • Geir Strømsholm, SAFO og LFPS
  • Johannes Lofthus, Kreftforeningen
  • Dag Utnes, FFO og Prostatakreftforeningen
  • Unn Tone Forfang Jenssen, FFO og Blindeforbundet
  • Svein Helgesen, Pensjonistforbundet
  • Gunvor Riim Opedal, Pensjonistforundet
  • Elisabeth Wollebek Høysletta, LFS (Norges handikapforbund)
  • Line Hole, FFO og Foreningen for autoimmune leversykdommer

Vararepresentantar: 

  • Bjørnar Lien, vara, Helse Midt-Norge RHF Brukerutvalg
  • Tahar Haddad, vara, Pensjonistforbundet
  • Kirsten Refsnes, vara, Pensjonistforbundet

Melde sak til brukerutvalget

Send ein e-post til kommunikasjon@pasientreiser.no for å melde inn saker til Brukarutvalet. Hugs å skrive «Sak til Pasientreiser HF sitt brukarutval » i emnelinja.

Regionale brukarutval

Dei regionale brukarutvala er rådgivande organ for styret og administrerande direktør i helseregionane og medverkar på eit overordna og strategisk nivå.

Her er dei regionale brukarutvala:


Helseføretaka sine brukarutval er rådgjevande organ for styret og administrerande direktør i helseføretaka. Lenkjer til dei ulike helseføretaka sine brukarutval finn du på heimesidene til dei regionale brukarutvala.

Fant du det du lette etter?