Pressemelding
Ny praksis for bestilling av pasientreiser gir betre tenester og sparar tid
Frå 1. april blir ein ny rekvisisjonspraksis for pasientreiser innført. Den gir pasientar større kontroll og reduserer tid brukt til administrasjon for helsepersonell.

Pressemeldinga vart først publisert på regjeringen.no
Den nye rekvisisjonspraksisen for pasientreiser gir pasientar moglegheit til å bestille eigne reiser via Helsenorge. På denne måten sparer helsepersonell tid på administrative oppgåver, og kan heller bruke tida sin på kjerneoppgåver som behandling av pasientar.
– I dag er ein merkedag for transport av pasientar i Noreg. Pasientreiser har gjennomført eit særdeles grundig pilotarbeid det siste året, og lanserer i dag ein meir brukarvennleg og effektiv måte å bestille pasientreiser på. Dette vil definere korleis vi tenker på pasienttransport i åra framover, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.
Kva går den nye praksisen ut på?
Den nye ordninga inneber at pasientar med helsemessige behov kan få ein førehandsutferda reiseattest for tilrettelagt transport, som gjer det mogleg for dei å bestille reiser sjølve. Å kunne bestille transport er spesielt viktig for pasientar som ikkje kan reise med offentleg transport eller bil.
Pasientane kan bestille reiser på Helsenorge eller ved å ringe 05515. Pasientane kan også velje å reise med eigen bil, og få dekka reise- og parkeringsutgifter.
– Vi ser at denne praksisen gir pasientane større fridom, noko som er positivt for både pasientane og helsepersonellet, seier administrerande direktør i Pasientreiser HF Rita Kilvær.
Fordelar med den nye praksisen
- Pasientansvar: Tidlegare var det behandlarar/rekvirentar som hadde ansvar for å bestille reiser for pasientane. No kan pasientane sjølve bestille reiser med ein reiseattest som er utferda på førehand, noko som gir dei meir kontroll og ansvar.
- Innsparing av tid: Behandlarar og rekvirentar sparar tid ved å sleppe å administrere kvar enkelt reisebestilling. Dette gir dei meir tid til kjerneoppgåver.
- Digitalisering: Pasientar kan no bruke Helsenorge til å bestille reiser, noko som tidlegare ikkje var mogleg. Dette er med på å erstatte manuelle prosessar.
- Færre bomturar: Det er rapportert ein nedgang i talet på bomturar, noko som kan tyde på at pasientane er meir ansvarlege når dei administrerer sine eigne reiser. Dette kan føre til innsparingar av kostnader.
Innsparingar av tid og årsverk
Den gamle rekvisisjonspraksisen tok i gjennomsnitt 5,4 minutt per rekvisisjon. Den nye praksisen reduserer denne tida betydeleg.
Ifølge ein rapport SINTEF utarbeida, vil ein kunne spare opp mot 105 årsverk dersom ein klarer å digitalisere 65 prosent av alle rekvisisjonar.
– Desse tala er svært inspirerande, og er eit døme på korleis vi kan bruke teknologi til å forbetre helsetenestene og gjere dei meir effektive. Det er akkurat slike framsteg eg har ønska meg då eg i haust lanserte ein task force for å få bukt med tidstjuvar i helsetenestene våre, fortel Vestre.
Pasientane er nøgde
Tilbakemeldingar frå pasientar viser at dei opplever det som enkelt og trygt å bestille reiser på Helsenorge.
Heile 95 prosent av pasientane er så nøgde at dei vil bestille reisa si igjen på Helsenorge, og 75 prosent av reisene er bestilt av pasientane sjølve, noko som gir grunn til å tru at dette er noko folk flest enkelt vil kunne ta i bruk.
– Dette er eit teikn på at den nye praksisen fungerer godt og er tilpassa pasientane sine behov. Samtidig er det viktig å understreke at dei som ikkje beherskar digitale verktøy, framleis skal få den hjelpa dei treng, fortel Kilvær.
Ein antar også at den nye praksisen vil føre til mindre arbeid for fastlegane, ettersom fleire pasientar kan ta ansvar for reisebestillingane sine.
Nøkkeltal for pasientreiseområdet i 2024
Totaltal:
- 2,5 milliardar kroner brukt på pasientreiser
- 7,92 millionar reiser totalt
- 1,85 millionar førespurnader på telefon er svart på
Reiser med rekvisisjon:
- 382 000 unike brukarar
- 4,11 millionar rekvisisjonar (94 prosent er drosjeturar)
- 1,7 milliardar brukt på reiser med rekvisisjon
- 415 kroner gjennomsnittskostnad per rekvisisjon
Reiser utan rekvisisjon:
- 3,1 millioner pasientreiser
- 1,1 millioner vedtak
- 430 millioner kroner utbetalt til brukar
- 137 kroner utbetalt i gjennomsnitt per reise (etter at eigenandel er trukket frå)
- 345 000 unike brukarar