Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Brukarmedverknad

Brukermedverknad står sentralt i utviklinga av helsetenester og netthelsetenester til pasientane.

Noen få personer som ser på et nettbrett

For at Pasientreiser sine digitale løysingar på Helsenoreg skal bli vellukka, og brukt av dei som er avhengige av tenestene, er det viktig at brukarane deltek i utviklingsarbeidet.

Med frå starten

Det er brukarane av ei teneste som best kan seie om ei teneste er brukarvennleg, eller ikkje. Pasientreiser HF legg vekt på å ha deltakande brukarar frå planlegging av ei ny teneste, til den er sett i drift.

Brukarutvalet til Pasientreiser HF involverast jamnleg i drifta og utviklinga av tenestene. Brukarutvalet er eit rådgjevande organ for leiinga i Pasientreiser HF, og gjennom mellom anna dialog, drøfting og testing, er medlemane særs viktige samarbeidspartnarar for føretaket. Brukarutvalet er leia av Gunnhild Berglen, som er oppnemnt frå det regionale brukarutvalget til Helse Nord RHF. Tor Johnny Agledal frå brukarutvalet til Helse Vest RHF er nestleiar.

Testing av tenestene blir i tillegg gjennomført i andre kanalar, og med andre brukarrepresentantar. Utviklinga av digitale tenester i samband med pasientreiser, blir gjort i tett samarbeid med Direktoratet for e-helseNorsk Helsenett og andre tenesteleverandørar, og gjort tilgjengeleg for brukarar på den nasjonale helseportalen helsenorge.no.

Viktige tilbakemeldingar

Brukarmedverknad er avgjerande for å lukkast med utviklinga av digitale brukartenester innan pasientreiseområdet. Pasientreiser HF skal jobbe målretta for å systematisere tilbakemeldingar fra brukarane, slik at tenestene er brukarvennlege og at myndigheitene når målet sitt om at digital kommunikasjon skal vere hovudregelen for kommunikasjon med forvaltinga.

Pasientreiser HF har faste brukarrepresentantar i to ulike samarbeidsarenaer, det er Samarbeidsforum og fagforum for innbyggjartenester. 

 
Du kan sende ei melding til brukarutvalet i Pasientreiser HF på e-post til kommunikasjon@pasientreiser.no. Sett "Melding til brukarutvalet" i emnefeltet. 
 
Sist oppdatert 16.12.2024