Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Brukarutvalet

God brukarmedverknad er sikra gjennom etablerte brukarutval både på regionalt nivå og i helseføretaka.

En gruppe mennesker som sitter rundt et bord med bærbare datamaskiner
Brukarutvalet til Pasientreiser HF består av representantar frå sentrale brukarorganisasjonar som Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon, Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjonar, Landsforeningen for hjerte- og lungesyke, Landsforeningen for nyrepasienter og transplanterte, Kreftforeningen og Pensjonistforbundet. Dessutan har utvalet representantar frå alle dei fire regionale brukarutvala. 
 
Utvalet har minimum seks møter i året, inntil tre av desse er digitale. 
 
Brukarutvalet bidreg med rådgjeving og forankring av nye løysingar og utvikling av området. Brukarorganisasjonen sine representantar har fyrstehandskunnskap om korleis pasientreiseordninga fungerer i praksis og er difor ein viktig samarbeidspartner for å lukkast med utviklinga av tenestene. Utvalet tek ikkje formelle avgjerder.
 
Leiar av brukarutvalet er Gunnhild Berglen, valt inn frå Helse Nord RHF sitt brukarutval. 
 

  • Gunnhild Berglen, Helse Nord RHF Brukerutvalg, leiar av brukerutvalet, brukarobservatør i Pasientreiser HF sitt styre
  • Tor Johnny Agledal, Helse Vest RHF Brukerutvalg, nestleiar av brukerutvalet, brukarobservatør i Pasientreiser HF sitt styre 
  • Cecilie Gill Kongsgård, Helse Sør-Øst RHF Brukerutvalg
  • Anders Johnsen, Helse Midt-Norge RHF Brukerutvalg
  • Geir Strømsholm, SAFO og LFPS
  • Johannes Lofthus, Kreftforeningen
  • Dag Utnes, FFO og Prostatakreftforeningen
  • Unn Tone Forfang Jenssen, FFO og Blindeforbundet
  • Tahar Haddad, vara, Pensjonistforbundet
  • Gunvor Riim Opedal, Pensjonistforundet

Vararepresentantar: 

  • Vidar Myren, vara, Helse Midt-Norge RHF Brukerutvalg
  • Leif Birger Mækinen, Helse Nord RHF Brukerutvalg 
  • Kirsten Refsnes, vara, Pensjonistforbundet

Send ein e-post til kommunikasjon@pasientreiser.no for å melde inn saker til Brukarutvalet. Hugs å skrive «Sak til Pasientreiser HF sitt brukarutval » i emnelinja.

Dei regionale brukarutvala er rådgivande organ for styret og administrerande direktør i helseregionane og medverkar på eit overordna og strategisk nivå.
 
Her er dei regionale brukarutvala:
 

 

Helseføretaka sine brukarutval er rådgjevande organ for styret og administrerande direktør i helseføretaka. Lenkjer til dei ulike helseføretaka sine brukarutval finn du på heimesidene til dei regionale brukarutvala.
 

Pasientreiser HF følgjer dei fellesretningslinjene for brukarmedveking på systemnivå i helseføretak. 

Felles retningslinjer for brukermedvirkning på systemnivå i helseforetak

I tillegg er det gjort nokre tilpassingar til føretaket, som det er gjort greie for i eige dokument. 

 Tilpasninger av retningslinjer til foretakets virksomhet

Sist oppdatert 04.12.2024