Brukarutvalet
God brukarmedverknad er sikra gjennom etablerte brukarutval både på regionalt nivå og i helseføretaka.
Brukarutvalet til Pasientreiser HF består av representantar frå sentrale brukarorganisasjonar som Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon, Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjonar, Landsforeningen for hjerte- og lungesyke, Landsforeningen for nyrepasienter og transplanterte, Kreftforeningen og Pensjonistforbundet. Dessutan har utvalet representantar frå alle dei fire regionale brukarutvala.
Utvalet har minimum seks møter i året, inntil tre av desse er digitale.
Brukarutvalet bidreg med rådgjeving og forankring av nye løysingar og utvikling av området. Brukarorganisasjonen sine representantar har fyrstehandskunnskap om korleis pasientreiseordninga fungerer i praksis og er difor ein viktig samarbeidspartner for å lukkast med utviklinga av tenestene. Utvalet tek ikkje formelle avgjerder.
Leiar av brukarutvalet er Gunnhild Berglen, valt inn frå Helse Nord RHF sitt brukarutval.
Helseføretaka sine brukarutval er rådgjevande organ for styret og administrerande direktør i helseføretaka. Lenkjer til dei ulike helseføretaka sine brukarutval finn du på heimesidene til dei regionale brukarutvala.
Sist oppdatert 30.12.2024